Long story short: Mitt navn er Amina og mine røtter er fra Marokko. Eg er født og oppvokst på Vestlandet, på ei lita øy der ingen skulle tru at nokon kunne bu; Halsnøy.
Eg emigrerte til Østlandet dels grunna studier, dels grunna lite bygdemiljø og dels grunna været – ein såkalla klimaflyktning, altså. Ergoterapeut av utdanning, grønn og økologisk freak by passion.
Instagramprofilen min @fashion.by.amina handlar om miljøvennlig og modest fashion, som i hovedsak kan oversettast med dekkande mote. For meg er det ganske befriande å sleppe å bli vurdert utifra korleis kroppen min ser ut. Med dagens urealistiske kroppsideal, ønsker eg heller å bli møtt på kven eg er som person.
Eg har heilt sidan studietida mi prøvd å leve litt grønnare og litt meir naturleg. Det begynte med ein tur på Vita der dei hadde fått inn naturlege hudpleieprodukt. Eg blei fort overbevist om at det var lurt å velge grønne produkt framover.
Snart hadde eg rydda det trange studentbadet mitt på Carl Berner fri for nesten alle unaturlege produkt, og kasta dei. Ikkje veldig økonomisk, men eg ville ikkje smøre meg inn med diverse skadelege stoff.
Google blei min nye venn som fortalte meg kva alle ingrediensene i produkta eigentleg var. Eg treng vel ikkje sei meir enn OMG…
Det var slik min veg inn i det naturlege universet starta.
Fra naturlege produkt til polyesterstopp
På samme tid som eg elska naturlege produkt, var eg også ein som seriøst elska shopping. Eg shoppa ganske ofte, og det hjalp meg med å komme i betre humør når eg hadde ein kjip dag. Skapet blei til slutt ganske fullt, og likevel følte eg at eg ikkje hadde noko å ha på meg.
Eg investerte til slutt i eit møte med ein stylist som hjalp meg med å finne ut kva som passa min kroppstype. På det sparte eg mykje tid, penger og frustrasjon i prøverommet! Etter kvart tenkte eg kvalitet framfor kvantitet, kjøpte færre plagg, men i god kvalitet som eg kunne bruke og vera glad i lenge.
Ein stykk shopoholikar var nesten kurert. Bonusen: Betre plass i skapet.
Eg googla stadig grønn hud- og hårpleie, begynte å kjøpe “grønne bøker” og endte opp med å begynne å lage ansiktsolje, rens og deo. Undervegs lærte eg at plastemballasje kunne lekke ut ganske uhyggelege stoff i dei naturlege produkta. Men plasten er jo over alt; også i kleda våre.
På eit tidspunkt leste eg om problemet med mikroplast som blir skylt ut i havet med klesvasken vår. Eg kjøpte stadig mindre polyester, og etter ”Planet Plast” på NRK var det nok.
Miljøvennlege merker og secondhand
Nå shoppar eg ganske lite, men når lommeboka tillater det, handlar eg helst fra miljøvennlige og etiske merker, eller secondhand. Det er ikkje lenger nok for meg at eit plagg ser fint ut. Nye plagg må vera fri for plast. Unntaket er sokkar og undertøy som alltid inneheld litt plast for elastikken si skyld.
Ved secondhandkjøp er eg ikkje like nøye på materialet; det er jo meir miljøvennleg å bruke det som allereie er i sirkulasjon framfor å kjøpe nytt.
Tøy med polyester har eg i ein spesiell vaskepose fra Guppyfriend, for å minimere utslepp av mikroplast.
Fighting microplastics + modest fashion= sant
På Instagram ønsker eg å inspirere følgarane mine til å bli meir miljøbevisste. Eg håpar at det “grønne budskapet” kan nå ut til flest mogleg, og har trua på at hvis alle gjer ein liten ting for miljøet, så blir verden ein hyggelegare plass å vera.
Eg elsker framleis fine ting, fargar, tekstur og mote. Men ikkje «fast fashion» med raskt skiftande trendar og nye kolleksjonar som kjem ut før ein rekk å bruke plagga fra forrige sesong.
Eg elsker alt fra minimalistiske oversiza plagg i rolige fargar til blomstrete, feminine og fargesterke plagg. Ingen mellomting her, altså!
Det er jo ganske synlig at eg er muslim, og for meg betyr det at eg kler meg litt annleis enn Kari Nordmann. Modest fashion innebærer at plagga eg bruker ikkje er gjennomsiktige, korte eller trange.
For meg handlar det om å følge ein del religiøse retningslinjer for bekledning, men eg er meir enn “hun med hijaben”, haha. Eg ønsker å vise at muslimar kan sjå bra ut, sjølv om me kler oss meir tildekka.
Eg likar individualitet. At ein skal få kunne gå i det ein ønsker og likar.
Hijabene mine kjøper eg i vanlige klesbutikkar og hijabbutikkar på nett, og sjølvsagt ikkje i polyester lenger.
Motivasjonen min for å ta vare på miljøet er også knytta opp mot religion, då islam oppfordrer menneska til å ta vare på både helsa vår, naturen og alle dyr. Det syns eg er ein fin tanke!
Kommentarer (0)