yoga-ved-vannkanten-karen-rosenberg-olsen
GJESTEROMMET

Gjesteinnlegg: Om overflod

hverdags-rikdom-karen-rosenberg-olsen
Kvardagsrikdom.
For tre år sidan flytta eg og min kjæraste mann, saman med våre to hundar og vesle son, som fortsatt låg i magen, til ei skjult perle på Nesoddlandet.

Her i huset har kvalitetstid saman vore den sterkaste valutaen og prioriteringa. Noko som har resultert i at me, tross at me som regel har tome kontoar, likevel kjenner oss svært so rike. At me lever i overflod.

Får me i det heile «lov» til å ynskje oss overflod? Treng me meir? Har me ikkje nok?

Overfloden eg beskriver handlar ikkje om noko me må skaffe oss eller oppnå. Den er ikkje noko som skal kjøpast eller ressursar me treng å stele frå jorda. Denne overfloden er allereie i oss. Den ER jorda, den fantastiske fullendte jorda. Den er takksamheit, kjærleik, nærleik, den er å leve med hjartet på vidt gap. Og me skal ikkje berre ynskje oss den, me skal fråtse i den. Nyte den og ynskje den velkomen.

 

yoga-ved-vannkanten-karen-rosenberg-olsen
Yoga ved sjøkanten på Nesodden.

Overflod gjennom tilstadeværelse

Vegen til overflod er gjennom tilstadeværelse, gjennom å gjenkjenne og anerkjenne det gode som allereie finst i livet. Smått og stort!

Ein «jeg er glad i deg mamma» med tilhøyrande hodefotteikning, å røre nokon til tårer med song, å kunne tru på kjærleiken, å bli litt fortapt i ein stjerneklar himmel, meditasjon, kaffisamtalar på verandaen, å føle meining i kvardagen, dukkert på stranda, snorkande hundar, opera i fyrste etg og rock n roll i andre etg, sandkassefilosofering med 3-åringen, sofakos, å ha god helse, skogstur rett utfor døra, kortreiste jordbær, yoga, varme naboar, å mjukne og opne, heimesnikra kjøken med høg plantebasert faktor, alltid opa dør og hjarterom samt bestemorsarv og bruktfunn i kvar ein krik og kråkeslottkrok.

Dette er vår vesle, gigantiske kvardagsrikdom.

Om me tør å gi rom for det, kan me kjenne på ei ubegripeleg dybde i oss, i alle, i alt. Der kviler intuisjon, instinkt, visdom. Det handlar ikkje om «å ha nok» lenger, det handlar om å innsjå at «me er nok».

 

skog-nesodden-karen-rosenberg-olsen
Gøy på Nesoddlandet: Rett utanfor døra vår.

Materialistisk overflod

Med førjulstida rett rundt hjørnet har vi eit eksempel på kor me gjerne fråtser i ein annan type overflod. Og sjølv om berekraft kanskje er i folks tankar so foregår det eit uhorveleg forbruk og mange når eit skyhøgt stressnivå for å svare til både sine eigne og samfunnets forventningar. Me veltar oss i ei materialistisk overflod.

Paradoksalt nok skjer dette samtidig med at me feirer ei høgtid, ofte beskrive som fredeleg, god, roleg, varm og nær.

Kan me alle unne oss ekte overflod? Me er nok.
skadet-sommerfugl-karen-rosenberg-olsen-green-house
Vengeskadd sommarfugl i november. 

 ***

Karen Rosenberg Olsen balanserer eit liv som songerinne og yogalærar med familieliv på landet.
Tilstadeværelse og hjarte inspirerer og driv ho både i jobb og måten ho lever livet sitt på. Se mer på
karenrosenbergolsen.com eller følg henne på Instagram.
frilans-liv-familie-barn-green-house
Frilanstilvéret og familielivet i skjønn foreining.

Kommentarer (0)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Relaterte saker

Close
Velkommen!